16.06.17

3 dager – 3 fjell – 3 utfordringar Via Ferrata i Setesdal

3 dagar – 3 ulike fjell – 3 spektakulære utfordringar.
Bli med DNT Sør på ein heil helg i bratte fjellveggar i Setesdal. Turane er for deg som tåler høgder, har god fysikk og som ynskjer ein introduksjon til bevegelse i bratt fjell utan avanserte sikringsteknikkar.
Via Ferrata løypane er tilrettelagt slik at du kan nytte stigetrinn og du vil alltid være sikra i vaierar som er forsvarleg bolta fast i fjellet.

Fredag 16. juni: Frammøte på Helle camping. Her vil alle deltakare bli registrert, utstyr utlevert og vi går gjennom sikkerheitsreglar/rutinar. Vi kjører deretter opp til Løefjødd for helgens første Via Ferrata. Dagens tur er ca. 450 m lang og 250 høgdemeter. Vel oppe på toppen, 934 moh. kan man nyte utsikten og skrive seg inn i turboka. Turen tar totalt ca. 3 timer, 2 timer opp og 1 time ned frå fjellet tilbake til bilene. Vi returnerer til Helle camping der vi overnattar.

Laurdag 17. juni: Vi kjører til Valle for Via Ferrata nr. 2, Nomelandsfjell. Dagens rute er ca. 1000 m lang og 350 høgdemeter. Turen tar totalt ca. 4 timer, 3 timer opp og 1 time ned frå fjellet tilbake til bilene. Vi returnerer til Helle camping for ein velfortent middag og kvil.

Sundag 18. juni: Da er det klart for Via Ferrata nr. 3, og den lengste. Nord Europa og Norges lengste! 1,5 km og 550 høgdemeter. Turen tar totalt ca. 7 timer, 5-6 timer opp og ca. 1 time ned frå fjellet.