Brokke - tett på naturen!

Vandre

Terrenget i heiane rundt Brokke byr på fantastiske naturopplevingar, anten du legg ut på lengre turar med sekk på ryggen eller vel kortare dagsturar.

I Setesdalsheiane anbefalar vi DNT sine ruter. Med utgangspunkt i Brokke i Setesdal, finn du fleire rutealternativ som gjev deg ei naturoppleving til alle årstidar.

 

Fjellreven gjekk Noreg på langs i 2013 og på sin ferd oppover vårt langstrakte land, gjekk han i Setesdalsheiane og oppdaga Brokke. Han vart så betatt av området at han kom igjen seinsomaren 2013 med telt, hestar og hund. Turen frå Evardalen og innover Setesdalsheiane har Fjellreven beskrive flott i sin biletserie. 

 

God tur!

 

Turisthytter i området:

Håhelleren-Øyuvsbu: starten på turen går like ved Suleskarvegen, rett før Rosskreppfjoren og kan like lett gjerast båe vegar. Følg vegen inn til Håhellerhytta og vidare følger du skilta på fjellet, stien er godt merka til Øyuvsbu.Lengde: 92,km Varigheit: 2 timer Vanskegrad: Middels Passar for: barn, ungdom,voksne Tidspunkt: juni,juli,august, sept, okt.

Øyuvsvatnet rundt: Øyuvsvatn ligg ikkje langt frå Suleskarvegen og parkeringsplassen til Øyuvsbu turisthytte, rett før Rosskreppfjorden. Øyuvsbu er ei ubetjent turisthytte. Sjølve turen er lettgått, men med parti med myr/søle, så godt fottøy anbefalest.Lengde: 13,8 km Varigheit: 4 timer Vanskegrad: Middels Passar for: barn, ungdom, voksne.Tidspunkt: juni,juli,august, sept, okt.

Evardalen til Svartnut er en fin tur og er du først i dette området er det flott å telte på Risåkvæven. Det er bomveg inn til Evardalen, men det er høve for å parkere innst i vegen.

Bossbu er neste turisthytte på vegen- ei perle i 1030 meters høgde, vendt mot solnedgangen i vest. Ligg naturskjønt til ved Botnsvatnet med kort avstand til sandstrand for dei som likar å bade. Eit godt utgangspunkt for dagsturar både sommer og vinter, og eit naturleg  stopp på ei vandring sør- og vestover i Setesdalsheiane.

Stavskar  ligg innst i dalen før Stavbrokka, og er omkransa av fjellsider som reiser seg så godt som loddrett nesten 400 meter mot toppen. Blant anna ligg Svarvarnuten (1378 moh) ca 1 km sørvest for Stavskar og er eit nydeleg toppturmål for de som søkjer utsikt over Setesdalsheiene.Stavskar er ikkje stor, og har kun et soverom. Lita hytte har ein klar fordel med at det tar kort tid å fyre opp og få varme.Den gamle ferdselsveien, Skinnvegen, går like forbi hytta. Skinnvegen ble nytta av folk i gamledager under si ferd til Stavanger. Området rundt hytta byr på aktivitet både sommer og vinter, og Stavskar er ein naturleg kvile-/ overnattingsstad på turen inn mot Bossbu.

Brokke- Suleskarvegen: Opplev den fantastiske naturen over Setesdal Vesthei ved å køyre frå Brokke til Suleskard.

God tur!