Turløyper i nærområdet

Turløyper i Brokke

Brokke har eit allsidig turterreng, frå barnevennlege vegar i lysløypa eller kortare toppturar i nærområdet.

Topptur til Løefjell, 5 km, 2,5t. Ein klassikar i Brokke! Husfjellet som rager høgt over hyttefelta med sin bratte vegg er eit landemerke i Brokke. Tek du stien opp frå toppen av Furestøyl hyttefelt, kan ein følge ein markert  sti til topps. På vegen tilbake kan ein følgje kanten av fjellet ned til fossen av Lisleå. Derifrå gjeng det tråkk nedover mot lysløypa igjen. Terrenget er tildels myrlendt.

Topptur til Vardefjell, ein flott topptur som gjev belønning med vid utsikt over Brokke og Setesdal Vesthei.

Topptur til Uvdalsfjell, startar i lysløypa og følgjer den gamle traktorvegen inn over den gamle brua, følgjer elva oppover og runder mot syd på toppen.

Rundtur i Brokke grend, 2 km, 1t. Fin sundagstur for heile familien. Oppdag grenda med panoramablikk over Setesdal, sjå dei fine gardsbygningane og nyt landskapet. 500 m umarkert sti i skog, elles vgi.

Kvisletoppen rundtur, 6 km, 3t. Ta vegen til toppen av Kvisleli og nyt utsikta derifrå. Så kan du krysse over til skibakken og følgje anleggsvegen ned att. 300 m gjennom ulendt terreng, ellers anleggsveg.

Rysstad Turpark,  Turen startar på grusvegen/heievegen ved Sølvgarden Hotell/Rv9, opp til Rysstadåsen og følgjer vidare ca. 50 meter, før du tek av mot høgre og inn på stien i skogen. Stien følgjer elva Kvedaråni, eit lite stykke til du kjem til ei bru som tek deg over elva. På turen finn du flerie stoppestader med benkar til å kvile på, og ved elva finn du og eit gamalt kvernhus. Heile turen går på/langs ein sti eller traktorveg, men gode sko er viktig.

Gloppefossmed eit fall på 280 meter er Gloppefoss Setesdals høgaste foss. Turen gjeng på ein sti/traktorveg heilt frå start. Turen er lett å gå, men ein må krysse elva 2 gonger, 1 på bru og neste på steinar.