STISYKLING

- stisykling har blitt ein veldig populær sport i Noreg, og Setesdal er intet unntak!

Vi har fleire fine sykkelstier rundt om i kommunen. Uansett om du er nybyrjar eller erfaren på feltet vil du finne ei løype som passer deg. Nesten samtleg av løypene let seg gjennomføre med vanleg sykkel, med demping. Løypa som ligg i Berg i Valle, er unntaket.

Alle stiane er lagt inn på Trailguide. Legg inn søkjekriteret Aust-Agder, eller zoom inn Valle kommune på kartet, så får du opp alle stiane som er lagt inn. Her kan du sjå kvar stiane ligg, vansklegheitsgrad og skildring av løypa.

Under er ein film frå stien “Yoohoo på Hovet”. Håper det gjev meirsmak til å prøve.